Kjell Arne Larsen frå Haugesund deltok hausten 2019 på kompsession i ABC Studio. Fyrste single derifrå er no klar.
Kjell Arne Larsen bur på Hemmingstad i Haugesund, og har dreve med musikk sidan ungdomstida.
Han har medvirka i fleire coverband tidligare, men konsentrerer seg no om eigen musikk.
Kjell Arne Larsen deltok på kompsession i ABC hausten 2019 med fleire låtar, og Save My Soul er fyrste single frå dei innspelingane.
Save My Soul er skapt som en Power Ballade, der nerven og teksten i låta er bygd rundt temaet om ei fallande sjel på leit etter si redning
- ein emosjonelt risikabel stad å vera.
Musikk og tekst :
Kjell Arne Larsen
Musikarar :
Lars Eirik Støle - Tangenter
Torbjørn Økland - Gitar
Rudolf Fredly - Bass
Vegard Fossum - trommer
Kjell Arne Larsen - Gitar og Vokal
Produsert av Kjell Arne Larsen
Opptak og mix : Kjetil Ulland