Ny single frå Mari Liknes
Mari Liknes er 15 år og skriv sine eigne songar. Ho går i Karmøy kulturskule og er svært kreativ og skapande.
I 2020 vann Mari Musikkkappløpet på Haugalandet og dette gav meirsmak og inspirasjon til å skriva musikk.
Om "Under The Surface" seier Mari : Den handlar om å ikkje heilt finna seg sjølv, ikkje heilt vita kven ein er.
Dette er andre singel frå Mari Liknes på ABC Tunes og den vart spelt inn under Kompsession januar 2021. Produsent er Kjetil Ulland og musikarar Torbjørn Økland, Lars Eirik Støle, Rudolf Fredly og Vegard Fossum.