Helge Jensen og Siri Nesse med "Pretty Girl"
Helge Jensen og Siri Nesse frå Haugesund deltok tidlegare i haust på ABC kompsession og derifrå kjem no låta Pretty Girl. Helge har tidligare gjeve ut låta Good Time gjennom ABC tunes, der Siri var korist.
Helge Jensen er ein syngande vaktmester som har dreve med musikk heilt sidan han fekk sin fyrste gitar for 25 år sidan. Han er svært glad i 60-talls musikksjangeren og prøver å sette dette preget på låtane sine.
Siri Nesse jobbar til vanleg som danselærer på Karmøy kulturskole. Ho har utenom dansen dreve med song gjennom blant anna revy og band, der rock og soul har vore favoritt-sjangeren.
Samarbeidet mellom en 60 talls inspirert musikant og ei soul/rock - dame har satt sitt preg på den funky feelgood låten Pretty Girl.
Tekst og melodi: Helge Jensen og Siri Nesse
Desse er med på låta :
Vokal: Helge Jensen og Siri Nesse
Orgel: Lars Erik Støle
Gitar: Thorbjørn Økland
Trommer: Vegard Fossum
Produsent: Kjetil Ulland